Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
VINJE ORDFØRAREN VERDSET KYRKJESAMARBEID

VINJE ORDFØRAREN VERDSET KYRKJESAMARBEID (4.02.08) Me har fått lov å klyppe i ordførar Arne Vinje sin artikkel i boka ”Kyrkje –og lokalsamfunn." Boka vert sendt som informasjon til alle landets kommunestyre-representantar, og utgjevar er KA.

 

 

 

 

Om samarbeidet med kyrkja skriv Vinje-ordføraren ”…kyrkja (har) som organisasjon synt omsut og ansvar både for einskildmenneske og lokalsamfunn. Prostidiakonatet spelar ei sentral og syneleg rolle på båe nivå. I nokre år har kommunen samarbeidd med vår aktive og kreative prostidiakon om eit årleg verdiseminar, der viktige og ofte vanskelge spørsmål blir drøfta på ein open og inkluderande måte. Tema har mellom anna vore vilkåra for toleranse og solidaritet i eit stadig meir konkurranseprega samfunn, rusprolem og alkoholpolitikken i kommunane, og kyrkja og lokalsamfunnets ansvar for miljøet i ljos av klimaendringane.

 

Den breie oppslutningen om desse samlingane viser at det er trong for eit slikt forum og for eit slikt ordskifte. Bygdesamfunna er inne i ei brytningstid med store nedringar både økonomisk, kulturelt og sosialt. Sjølve den kulturelle identiteten blir sett på prøve, og i eit lengre tidsperspektiv kan det stillast spørsmål om sjølve eksistensen til desse samfunna. Kyrkja kan med større autoritet enn andre organisasjonar reise den verdidebatten som heng saman med desse grunnleggjande endringane. Så langt har kyrkja i Vinje og Vest- Telemark teke den utfordringa, og reist ein spennande dialog med kommunen og innbyggjarane eg. Eg vonar denne dialogen vil halde fram, og hjelpe oss å finne den beste vegen inn i framtida.” ( Frå boka "Kyrkja og lokalsamfunnet." Utgjevar er Kirkens Arbeidsgiver og interesseorganisajon.)

 

Arne Vinje har sidan 2003 vore ordførar i Vinje. Han representerar SV.

 

Biletet: Ordførarar Arne Vinje under klimaseminaret på Møsstrond august  2007. Eit samarbeid mellom FN-sambandet, Vinje kommune og Prostidiakonatet.

 

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no