Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
FRIMINUTT FRÅ SORGA

FRIMINUTT FRÅ SORGA (9.09.13) -Denne vandring har vore som eit einaste stort friminutt frå sorga. Eit friminutt som gjev krefter til å takla dei tyngre timane.

FRIMINUTT FRÅ SORGA

 

Slik let ein reaksjon etter ” Vandring for forandring" frå 6-8. september. "Vandring for forandring" handlar om ei to dagars pilegrimsvandring for etterlatne etter sjølvmord. Arrangør var RVTS – Sør i samarbeid med LEVE og Prostidiakonen i Vest-Telemark.  Vandringa var også ein del av markering av dagen for sjølvmordsførebygging 10.september.

Vandringa går  langs den gamle pilegrimsvegen  mellom Haukeliseter og Røldal . Vel tre mil i høgfjellet  med god mat og overnatting på Haukeliseter Fjellstue.

Dette var andre året ein testa ut denne modellen for sorgarbeid. Tanken er at dei viktige samtalane og prosessane   føregår langs vegen; i samtale , i humor , i naturopplevingar og kanskje til sjuande og sist ein - som god pilegrim - får lagt att noko i stavkyrkja i Røldal.

I år var det 20 deltakarar . Her kom folk frå Oslo, Sørlandet og Vest-Telemark .Ikkje alle var etterlatne . Ei av hadde leste omtilbodet i eit pilegrimsblad, og tenkt at det ville vera fint med ein tur til Røldal i haustfjellet. Fyrste etterpå skjøna ho hadde meldt seg på: ” Denne pilegrimsvandringa har eg lært mykje av .Mykje eg kan nytte av i mitt arbeid i helsevesenet.”

-Tenk å kunne prate med eit heilt framand menneske i fem timar , og kjenne at ein framleis har mykje usnakka, var ein anna reaksjon.

” Vandring for forandring” er eit breitt samarbeid mellom RVTS Sør – eit ressursse nter som mellom anna arbeider med sjølvmordsførebygging, LEVE , som er ” Landsforeningen for etterlatte etter selvmord” og diakonien.

Neste vert  også bispedømme Tunsberg, Agder og Telemark , Stavanger og Bjørgvin med i samarbeidet.

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no