Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
EI RAUD HENDING

EI RAUD HENDING ( 22.07.12)I dag er det eitt år sidan terroråtaket i Oslo og på Utøya.Hendinga har vore med på og forandre landet vårt. Idag tenker me spesielt på alle som saknar nokon av sine.

 

I mange år hadde eg min dagleg gange til kontoret på Soknehuset forbi minnestøtta ved  Statkraft. Tre og tjuge namn står der. Tre og tjuge gode arbeidskarar, er overskrifta på steinen.

Ein gong eg var ute og leika med ungane ,låg der blomar framom. Det var ein fin mai kveld, og  halvvarmt i veret.

Ein av ungane spurte om kvifor det låg blomar framom støtta.  For minnast , sa eg kanskje. Så fortale  eg det eg visste om namna på steinen. Om dei røynde anleggskarane, men og fire skuleelevar  som døydde for å fram straumen.

Om eg trudde dei som stod på steinen, hadde nokon som var glad i seg. Jau. Det var eg no sikker på. Men då er dei ikkje gløymt, let det frå ein jentene.

Då står dei både i stein og hjarte. Er ikkje det bra?, sa jentungen glad , og såg opp på meg.

Medan eg skriv dette, minnest eg kor redd eg har vore  for å miste ungane. Kanskje det er sjølve  grunnangsten i foreldrelivet?

Så er det nokon som opplever akkurat det.

Namnet til Eivind Hovden ( 26.01.1998-22.07.11) kjem til og stå rissa inn i minnet, og stein. Men òg som spor i sno.  Eg var nett til i Mo kyrkje. Sjeldan har eg sett landskapet så snokvitt og fint.

Eg tenker attende til  ein regntung dag  i fjor. Sjeldan har det vore så mykje folk i og kring kyrkja. Godt det ausa ned , tenkt eg etterpå.  Så slapp nokon å stålsette seg for å halde tårene attende. I den fullsette kyrkja var det vakre minneord under leiing av sokneprest Jarle Bryne, fine tonar og Eivinds klassekameratar som synt medkjensle og omsorg. Saman med helsingar frå Arbeidarpartiet og det offisielle Noreg, teikna dei eit flott bilde av Eivind Hovden.

Men i  vakkert vintervêr er heller litt vanskeleg å sjå for seg fredag den 5 august 2011. Men eg ser stigen bort til Eivinds grav. Nokon held han opp. Nokon går dit for trøyst? , for sorg og sinne? Gjerne alt på ein gong.

I tanken er det lett å sjå for meg den gamle kaffibonden eg møtte på Haiti for mange år sidan. Landet var utsliten, fattig og syntest å mangle håp. Og enno var det mange år til jordskjelvet i 2010. Me spurte bonden om han såg noko framtid for landet sitt: Då svara han; ” Me går og me går, og tilslutt blir det ein veg!

Så vert vel vår 22.juli 2011 det næraste me kjem ei jordskjelv.

Hausten kome alt for tideleg  fjor. Med eitt vart det så kaldt. Ei stor sorg senka seg over landet.  Av slik slag som ikkje let seg  stenge ute. 

Så er folksame gravferder og minnemarkeringar  er viktige påminningar  om at me er viktig for kvarandre. Når noko skjer, når kriser og død råkar lokalsamfunna, er folk tilstades for kvarandre.  Nordahl Grieg( 1902-43) treff noko når han skriv . ” Vi er så få her i landet,  hver fallen er bror og venn”.  Også han ofra livet i kampen mot terror, og vart skoten ned under eit bombetokt over Berlin i 1943. Så er det då sterkt og flott at hans dikt ” Til ungdomen: Kringsatt av fiender ” frå 1936, har kan trøyste oss gjennom tunge dagar.

Ord er naudsynt. Men i mangt av sorger er det ikkje lett og vite kva ein skal seie.  Eigentleg betyr  det ikkje noko om ein ikkje veit,  eller ikkje finn dei rette trøyste orda i sorga. Som regel fins dei ikkje. Men noko vert  att når krisa over:  Det gode nærver.

Det gode nærver syner seg på så mange måtar. Som blott nærver eller blir til blomar, ei kake på døra eller gode klemmar. Så går folk, men nærveret sit att og blir ein viktig hjelpar. Det gode nærværet handlar vel mest om å kjenne kor sårbar ein sjølv er.

Og tenker på den unge sjukepleiar som kom oppløyst  i tårer inn på vaktromet. Ho hadde nettopp vore inne hjå ei ung, kreftsjuk mor som hadde teke eit siste farvel med sine to små: ” Eg klarte ikkje vera profesjonell , eg byrja og gråte, sa ho og presenterte det som eit nederlag. Men i røynda var vel det mest profesjonelle å gråte.

Slik var det  kanskje òg for sokneprest  Sigmund Lystrup ( 1909-2006)i Vinje når han måtte gå til ei ung mor i Haukeli med bodet om at mannen hennar var hadde døydd  under  anleggsarbeidet. Olav Midtveit heitte den unge familiefaren, ein  av dei gode arbeidskarane som døydde i anleggstida. Kunstnarpresten Lystrup malte seg ut av hendinga,  venen Tarjei Vesaas fekk sjå måleriet og skreiv diktet ”Berget gret.”.

Eit bilete på veggen.

Det flintharde berg

Stup bratte berg

Ei raud hending skok

steinmassane til det inste

Berget gret,

og den som laga biletet

måtte gå med dødsbod

til det unge blod

 

Ville biletet danse for han

flaut saman frå mange kantar

der han stod fomla

med blytunge ord

 

Slik græt berget

Slikt krympar hjartet

Penselen visste det

og leika seg i

eit opent samvet.

Slik vart det diktet om

berget gret

 

Alltid græt berget

Tusenårs gråt ber dei merke av

Når ein kjenner dei

Berga og gråten

Har ein med seg sjølv

 

(Tarjei Vesaas i «Liv ved straumen», 1970)

 

 Og kanskje er det sant som Tarjei Vesaas  skreiv . ”Berga og gråten har ein med seg sjølv .”Ofte er  sorg er ein einsam ting. Men alle veit at det kan vera godt å dele. At fellesskapet kan bera det vanskelege og vonde.

At ei blomsterhav på Rådhusplassen, rosene utanfor Oslo Domkyrkje eller paraplyane utanfor Mo kyrkje er eit sterkt fellesskap .

I fellesskap må me arbeide  med reise oss etter den rystinga som råka oss 22.juli. Me går og me går , som den haitianske kaffebonden.

Om ei  knyter me hendene  i bøn eller sinne og avmakt får så vera. Men vona er at det vert ein  veg. På denne vegen ber me  Eivind og mange andre med oss.

 Så veit me at snøen er smelta , og snostigen  ved Mo kyrkje vert  borte. Men ikkje minna i hjarta. Så får ein tru at sorga kanskje mildnar  med åra, medan  saknet sig inn. Som den franske forfattaren Leon Bloy seier. ( 1846-1917):”

” Mennesket har i sitt indre eit rom som ikkje eksisterer . Lidinga trengjer inn i det for at det skal byrje å eksistere.”

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no