Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
NYE VANDRINGSMEDITASJONAR

NYE VANDRINGSMEDITASJONAR (5.07.12)Sidan 28.juni har over tredve pilegrimar vore på veg frå Vest-Telemark til Røldal. Igår var det høgste punktet passert. idag ventar Dyrskar , og i morgon Røldal. Her kjem årets vandringsmeditasjonar

 

 

Torsdag 28.juni 2012

 

Å KOMA HEIM

 

Eg er klar til å gå. Skoa er nypussa, har henta fram vandringstaven frå vinteropplag  og sjela ? Ja, kva med ho? Er det ikkje mest sjela det handlar om på ei pilegrimsvandring?

” Det beste med heile vandringa, er at eg ikkje har hatt ein einaste tanke undervegs” , sa ein pilegrim vel framme ved krusifikset i Røldal.

 

Så må eg berre vedkjenne det . Eg er ein heimføding i pilegrimsamanheng. Kjenner ingen

andre pilegrimsmål enn Røldal. Mange av dei eg har gått saman med gjennom åra, har hatt  kamskjel på sekken  og snakka intenst om varmen og gnagsåra på Caminoen  i Spania.

 

Men  kanskje pilegrimsvandringar eigentleg handlar om å koma heim, tenkjer eg i det me går over Brøløs, og minnest nokre liner av vinbyggen Tarjei Vesaas.

 

Og har i oss ein lovnad
om å koma heim.
Koma heim,

gå borti der,
bøye greiner,
- og kjenne så det fer i ein
kva det er å vera der ein høyrer til.

Heile heile tida,
til det er sløkt
i våre innlandshjarte

 

Så vert mi stille pilegrimsbøn å møte den milde Kristus når eg har lagt Haukelifjell, og alle andre fjell bak meg for godt, og er til vegs ende på den store vandringa.

 

Fredag 29 juni 2012

 

NOKON SOM BRYR SEG?

 

Dei er seige bakkane opp frå Morgedal mot Øyfjell. I brattbakk er det som om eg møter meg sjølv frå sommaren 1981. Full av rastlause kjensler. Forelska så det heldt. Aldri gjengjeldt, så vidt eg merka.  I staden gjekk eg på boksal.

 

Alfarheim Boghandel i Elverum hadde stort sal av Lanterne –bøker  den sommaren. Eg hadde sommarjobb som  omvisar på Glomdalsmuseet og handla med meg alt eg kunne av Tarjei Vesaas. (1897-1970).  På regnvêrsdagar, og  mellom tyske bussgrupper og norske pensjonistar gjekk det i Vesaas.

 

Skal ikkje påstå eg skjøna ” Bleikeplassen”(1953).  Der vaskerieigaren Johan Tander misser grepet på røyndomen, og blir besett av tanken på at Jan Vangen vil drepe han.

Kona vil få han til å snu sine tankar, og skriv med kritt på veggen at ” Johan Tander har ingen brydd seg om”. I staden utløyser det galskapen. Tander fryktar det som kan redde han og døyr i det han verkeleg skjønar at kona vil han berre godt.

Somme tider har eg møtt folk som har det på same viset med trua. For mange nederlagstankar stengjer ein ute frå ei nådig tru. Som om ein ikkje fortener at nokon bryr seg om ein, og nåden gjeld vel helst for alle andre.

 

Laurdag 30.juni 2012

 

EIT TEIKN

Pilegrimsvandringar var ofte ei botshandling, eller ein gjekk til heilagdomen for å bli frisk. Til Røldal var det helst det siste. Så får ein vel ikkje lettare tak i nåden  på pilegrimsvandring, men det gjev eit fysisk uttrykk for at trua grunnleggande sit i beina.

 

Kanskje ein heller ikkje berre kan ta imot , men òg  må kjempe for nåden, tenkjer eg under ei stille stund  den vesle  og audmjuke Øyfjell- kyrkja frå 1833?

 

Var det ikkje det den gamaltestamentlege  Jakob gjorde;  Eg slepper deg ikkje før du velsignar meg ? Eller kva med den blinde tiggaren Bartimeus som bad om miskunn då  Jesus gjekk forbi ?

 

Bibelboka - er som livet -  full av desse kjempande menneska.

 

I ”Bleikeplassen” finn ein den gamle Krister, ”ein einsam på jorda”. Krister kjempar for sitt liv og ettermæle.  Han får ein tanke om å finne seg ei kvit skjorte før han døyr. ”Eg må få sjå eit teiken på at eg har vore mellom  folk, at eg ikkje har levt til ingen nytte.” Og teiknet skulle vera at nokon vil gje han ei kvit skjorte å døy i. Det skjer ikkje, han tek ei skjorte frå snora, men døyr då han angrar seg og vil ha av seg skjorta.

 

Sundag 1.juli 2012

 

Å STÅ KURSTILLE I NÅDEN

Det har etter kvart vorte nokre pilegrimsvandringar. Etter 20 år i Vest-Telemark som diakon , veit eg mykje om at vest- telemarkingane er snille og hjelpsame. Ikkje minst når ein går langs stig og veg. Så som på campingplassen på Hyllandfoss i Åmot.  Pilegrimspris, kallar dei det og fortel at pilegrimar  søv der gratis.

 

Dette uventa gode , velsigna raust,  får meg til å tenkje på Tusten. Ein figur hjå Vesaas. Han er kalla opp  etter ei tørrgran, og står elles litt på utsida av bygdesamfunnet.

 Seinare vart denne figuren grunnlaget for boka ”Fuglane”.

 

Eit slags sjølvportrett, sa diktaren.

Ein dag møter Tusten ein granne som ber han om å ta på seg noko vedarbeid. Mannen kallar han med døypenamnet Mattis, og Mattis får identitet:  ” Og alle som sa Mattis, fekk som ei stjerne fest ved seg. Om det hende at noken tala til han, sa dei sjeldan namnet hans. Han visste godt at han ikkje heitte anna enn Tusten folk imellom.” Eg har no jamt tenkt at det må vera slik Jesus kalla læresveinar den gong – og i dag.

 

Mattis nyt augneblikket, som Vesaas skriv :Let Tusten få stå i nåden . Tusten stod kurstille i nåden , og venta.

 

Måndag 2.juli 2012

 

SYNEST Å VERA SÅ LITE

Pilegrimsvegen går  rett ovom Midtbø. Heimen til diktarparet Haldis M. og Tarjei Vesaas. Ein varm julidag  med eit blenkjande Vinjevatn bakgrunn, er det som eg kan sjå dei gå på tunet.

 

Tru om nokon kjem opp til vegen med mjølkespannet? :  ”Synest å vera så lite . Det er ikkje stort som skal til . Berre det å gå opp og hente mjølkespannet ein tidleg morgon, det kan vera eit under”. (Frå  ”Båten om kvelden”)

 

 Så var det vel ikkje finvêr og sol som skapte stor litteratur hjå Tarjei Vesaas. Heller angsten. Angsten som han gjorde litteratur av. Litteratur som lever sitt eige liv kring heile den vide verda. Som har sett spor i mangt eit menneske. Slik som me og sett spor etter oss. På godt og vondt. Men ein eller annan stad i verda er det kanskje nokon som ein gong opplevde at me gav godt frå oss.

 

Kanskje det berga ein annan? Eit glas vatn held, seier Bibelen. Eit glas vatn til ein tyrstande. Synest å vera så lite, men nokon fekk livet sitt berga av det.

 

Tysdag 3.juli 2012

INGA SPØRING OG GRAVING

 

Det finst så mange slags pilegrimsvandringar . - Eg er no helst med på denne vandringa for å få sjå kor Halldis er gravlagt.  Det er mitt heilage mål. Utan henne hadde eg vel framleis vore låst i eit håplaust ekteskap . Diktet om kjærleik som gjer klok, fekk opna augo mine.”

 

Halldis Moren Vesaas (1907 -1995) ligg i bakkane nedanfor den raudmåla Vinje kyrkje.

Rett ved sida finn ein grava til Signe og Olav Vesaas. Foreldra til Tarjei. Tarjei skriv så vakkert om mor si. ”Klart lys råder rundt henne, ikkje ein flekk tør ein påstå å kunne peike ut.” Trua var viktig for Signe Vesaas , og forfattaren skriv:” Det er eitkvart bakom som styrer med alt saman , trur eg, og vi må ikkje gløyme at det er slik.  Dette hadde ho sagt på fleire måtar. Vi var aldri i tvil om kva ho trudde på. Løyndomen er : Ein likte at nokon tenkte slik som mor gjorde. Men for all del inga spøring og graving”.

 

Mors stille arm

når langt utover

gravkammeret i Vinje

I sol, toreslag

Og frost.

 

Onsdag  4.juli 2012

 

NO IKKJE FLEIRE ORD

 

Eg likar å sjå fjellet nærme seg. Puster tungt, fritt oppe på Haukelifjell. Fjellet er trygt og godt å kvile augo på. Men ikkje minst likar eg prosessen. Vandringa frå lågland mot dei høge nutar. Frå det enkle og kvardagslege, på stigar  og i heftig trafikk på  E 134, mest nedkøyrt  av tunge trailerar.  Midt gjennom verda går me. Er i verda og utanom ?

 

Somme gonger til lått på bygdevegane? Desse pilegrimane, kva fer dei etter her  hjå oss? Vil dei ikkje heller ligge på ei strand i Spania eller i det minste gå Caminoen?

 

Her på vår eigen Caminio tenkjer eg på ei vandring for to tusen år sida. Jesus hadde stått opp. Sprengt grensene mellom liv og død. No var han ute og gjekk mot Emmaus . Her trefte han to av disiplane , gav seg i prat med dei. Han lytte og spurte , trøysta sikkert, men dei kjente han ikkje att. Ikkje før han sette seg ned ved bordet og braut brød. Gud openberre i det alminnelege,  i nærveret mellom menneskjer , i diakoni  og enkle  daglege handlingar og  fellesskapet kring eit bord.

 

Han tenkte ord

Ord og ord.

No ikkje fleire ord.

Her er mi tyrste hand.

 

(Frå Båten om kvelden)

 

Torsdag 5.juli 2012

 

GUDS HELSING TIL DEI REDDDE OG SKRAPA

 

I dag passerar me vasskilje . Enno ligg det snøflekkar i Dyrskar. 1100 m.o.h  står det på ein stein Ei enkel vegarbeidarhytte ligg mellom høge fjell. Herfrå  spadde dei opp vegen med handmakt på vårane. 15-20 meter høge brøytekantar for å opne vegen for sommartrafikk. Små menneske som med trufast innsats kjempa mot snøen  Med handmakt vart det veg. Fraus og hutra gjorde dei. Fraus på beina. Trufaste og stolte vegarbeidarar minner meg om alle som kjempar for håpet.

 

Det kan vera dei som mista noko i terroren sist sommar eller lir under sjukdom og angst.  Eit stor arbeid dette. Grave fram håpet i storm og uvêr .

 

Eg tenkjer på  boka Kimen frå 1940. Forferdelege ting har skjedd, drap og massesuggesjon har truga idyllen: ” Djupt til jorda. Men så vart ein atter kar om å stå . Det måtte ha vore ein kime i dustet. Så ein stod opp. Augo vart klåre på ein, så ein såg kor støtt det gjekk i banane sine, det som laga liv og død i storom. Snart ville sola vera her att, og gras og lauv vart grønt . Det var Guds helsing til dei redde og skrapa.”

 

Fredag 6.juli 2012

 

SOM OM SKIFANDE TIDER IKKJE FANST

 

Den siste etappen på vegen.  Gjennom grønfarger eg ikkje finn andre stader. Men liene gror att. Eit førtitals pilegrimar  er ikkje nok til å halde oppe kulturlandskapet. Geitene kan det, men dei vert stadig færre. Sjølve Skaparverket er truga gjennom menneskeskapte klimaendringar , og me synest ute av stand til å ta naudsynte grep. Fordi me alle vil ha meir?  Kva ein milliard kinesarar vil tør eg ikkje tenkje på.

 

  finn tankar og tru atter ei slags ro når eg ser Røldalskyrkja. Godt å høyre kyrkjeklokkene klemte for oss. Som Guds velsigna hjarteslag, synest eg.

 

Audmjukt stig me inn. Krusifikset, som denne natta var sagt å utsondre livgjevande sveitte, som ei  helsing frå Den Allmektige. Han me fekk kjenne gjennom Menneskesonen og etterlot sin Heilage Ande då han for heim.

 

Forstår ein meir no?

Nei. Men ein dirrar mindre.

Ein er like ordlaus overfor dei store gåtene, ein vonar framleis å ikkje bli spurd.( Frå Båten om kvelden)

 

Om det er framleis er ord, gåter og ting ein ikkje kan bli spurt om og mykje ved livet eg ikkje  forstår. Men mottakinga i Røldal gjev meg denne gode kjensla av å ha kome heim. Enno ein gong.

 

 ” Det er som om skiftande tider ikkje fanst, ” for å slutte med diktaren.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no