Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
MARTA I FARTA

MARTA I FARTA ( 10.04.11) Ei fullsett Treungen kyrkje reiste seg og klappa for Marta Tveit då ho fekk Diakoniprisen for 2011.Utdlinga av Diakoniprisen var eit høgdepunkt under årets Diakonisamling.

 

 

 

I grunngjevinga som styreleiar Oscar J. Garnes las heiter det:

"Marta Tveit er ei svært gjestfri kvinne. Ho brukar aktivt heimen sin til å glede andre. Det er ikkje uvanleg for henne å ha gjester tre gonger om dagen, både til frukost, lunch og middag. Ikkje minst be ho nye i bygda slik at dei skal bli kjente med "dei innfødde" og kome inn i bygdemiljøet. Ingen stad er der slike gode samtaler ved middagsbordet som heime hos henne.

Ho går også ofte ut og besøker folk som treng det, nysteikte brød eller vaflar eller hennes berømte vannbakkels tek ho med, både på arbeidsplassar eller heim til folk. Ikkje minst dei som fell utanfor i samfunnet har ho ekstra omsorg for. Mange er dei gebursdagane ho har arrangert for slike.

I kyrkjelydsarbeidet støttar ho opp om alle menighetane i Treungen, aller mest i Frikyrkja som ho høyrer til, men ho er også trufast i kyrkja, og ho går også på møte hos pinsevennene. Ho er også med i mange foreiningar og pensjonist lag, og i den berømte jolemessa i frikyrkja har ho vore aktiv frå fyrste dag. Ho har stor energi og pågangsmot og går liksom aldri trøtt. Derfor har ho også fått kallenamnet:

Marta i farta.

I fjor sommar braut ho høgre overarm, då ho hoppa av sykkelen for å plukke bringbær i ein bratt vegskråning. Alle trudde vi at nå var det slutt på alle aktivitetane hennes. Men ved hjelp av iherdig trening og fysioterapi, ikkje mange månadene etter var ho i gang att. Marta Tveit blir 90 år til hausten. Nå har ho sett opp at veven, og skal byrje å veve att. Slik er ho også med på å glede andre. Bilda hennes heng i mange heimar og lokale.

Marta Tveit er ein institusjon i Treungen. Ho er med på å gjere bygda til ein god stad å bu. På mange måtar fører ho vidare Godtfred Rekkebos ideal og arbeid.

Marta Tveit har seks born og mange borneborn og oldeborn, men ho er like interessert i å hjelpe andre, som sine nærmaste.

I yrkesaktiv alder hadde ho det travelt heime i Grova med småbruk og stor familie og i tillegg til det skulevask på Tveit skule . Då ho vart pensjonist, 67 år gamal, braut ho opp og starta eit nytt liv. Fyrst reiste ho til Bortelid, hotellet i Åseral, og arbeide som kokke, så i fleire vintrar arbeidde ho frivillig i Beit Scandinavia i Haifa og Bet Norvegia i Jerusalem. Huset sitt i Treungen kjøpte ho i 1990.

Ho fekk eit nytt liv då ho blei pensjonist, dei rikaste åra i hennes liv i aktiv teneste for andre. For som så ofte seier, det gildaste ho veit, det er å glede andre, for då blir ho sjølv glad. Ho er glad i folk, interessert i folk, og ho ser folk, også dei som ikkje andre ser, og ho sparer aldri seg sjølv for å kunne vere noko for andre. Men som ho seier om att og om att, det er ho som er heldig, for ho får så mykje meir tilbake enn det ho sjølv gje."

 

Prisen vart delt ut for attande gong.

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no