Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
25 ÅRS JUBILEUM I KULDA

25 ÅRS JUBILEUM I KULDA ( 21.2.11) På Såmannssundag var det godt oppmøte gudstenesta til på Hotelltoma i Åmot. Til neste år er det ti år sidan dette samarbeidet mellom kyrkja og Snøformingsfestivale tok til. I år feira ein og ein trufast kyrkjas tenarar under messa.

Per A. Sørensen var liturg og vart overraska med helsingar frå prost, kyrkjeverge og sokneråda i Øyfjelll, Møsstrond og Rauland. I 1986 kom Per Sørensen som sokneprest til Rauland. Slik oppsummert prosten tenesta hans:

 

 

Prosten vår, Øyvind Jørgensen, har sendt oss denne meldinga:

 

Kjære kyrkjelyd på snoformingsfestivalen og kjære vener i Vinje og Rauland.

I dag vil de markere at Per Sørensen har vore prest i Rauland i 25 år. Eg kan dessverre ikkje vere til stades, men vil sende ei helsing til Per og dykk alle:

Du skal ha ein varm takk, Per, for 25 års teneste i Rauland og Vest-Telemark prosti. Du har vore trufast og uthaldande, og har lagt ned ein stor innsats i kjærleik til den Herre du tener og dei menneska du er prest for, og du utfører tenesta di på ein fin og solid måte. Når du har vore så lenge på staden, kjenner du menneska godt, og dei kjenner deg. Du har fått ein djup tillit og respekt, og folk er trygge på deg.

Som prost vil eg også takke deg for godt samarbeid og for fellesskap i arbeidstilhøvet og i kollegafellesskapet.

Eg ynskjer deg og dine alt godt, og er trygg på at kyrkjelydane også framover vil vise deg omsorg og respekt, som du verkeleg fortener.

Helsing

Øyvind A. Jørgensen

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no