Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
TALE UTAN FILTER

TALE UTAN FILTER ( 18.12.10) Nedtellinga går alt raskare, men kankje ikkje for dei som har venta på Messias heile livet. I dagens tekst talar far til Døyparen Johannes profetisk.

 

 

 

Far til Johannes Døyparen, Sakarja vart fylt av den Heilage Ande står det. Då høyrdes det slik ut:

 

 
   
68 «Lova vere Herren, Israels Gud,
          for han såg til sitt folk og har løyst det.
          
   
69 Han har reist for oss eit horn til frelse
          i sin tenar Davids hus,
          
   
70 så som han lova frå gamle tider
          ved munnen til sine heilage profetar:
          
   
71 å frelsa oss frå våre fiendar
          og frå handa åt alle dei som hatar oss.
          
   
72 Han synte miskunn mot våre fedrar
          og kom i hug den heilage pakta,
          
   
73 den eid han gav som lovnad
          til Abraham, vår stamfar,
          
    74 så vi, frelste frå fiendehand og utan otte, kan tena han
          
    75 i reinleik og rettferd for hans åsyn alle våre dagar.
          
   
76 Og du, barn, skal kallast profet for Den høgste,
          for du skal gå fram føre Herren og rydda hans vegar
          
   
77 og læra folket hans å kjenna frelsa, at deira synder blir tilgjevne,
          
   
78 for vår Gud er rik på miskunn.
        
          Og slik skal lyset frå det høge
          gjesta oss som ein soloppgang
          
   
79 og skina for dei som bur i mørker og dødens skugge,
          og styra våre føter inn på fredens veg.»

   
80 Og guten voks og vart sterk i ånda. Han heldt seg i øydemarka til den dagen han skulle stiga fram for Israel.

 

(Lukas 1, 67-80)

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no