Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
PRESSEKLIPP

PRESSEKLIPP Vest-Telemark Blad fortel at Waldenstrøm kafe i Kviteseid vert lagt ned frå 1.juni 2008. Så får ein håpe at dette ikkje skuldast at Inge Waldenstrøm og damene bak disken fekk Diakoniprisen for Vest Telemark for 2004.


"No er Inge Waldenstrøm førebudd på negative reaksjonar, både frå bakerikundar og kafégjester.
– Klart det er trasig for sentrum, men ein skal jo ta omsyn til seg sjølv også. Mange seier at kaféen er ein sosial møteplass, men han er ikkje så veldig mykje bruka. Det er helst visse periodar på dagen det er ein del folk her, seier den avtroppande bakaren og kafédrivaren.
At kaféen fungerer som eit sosialt samlingspunkt blei synleggjort for nokre år sidan då Waldenstrøm blei heidra med diakoniprisen for Vest-Telemark.
– Prisen går til ein stad der alle blir ynskt velkomne. Ein stad der venlege ord og trivelege kommentarar møter oss. Ein stad der folk kan kjenne at dei er nokon. Kaféen er ein institusjon i Kviteseid der så vel verdsproblem som personlege ting blir løyste, sa prostidiakon Eilev Erikstein då han delte ut prisen.
Fine ord blei også innehavaren og tilsette til del. I grunngjevinga heitte det at kaféen har eit eineståande tilbod til medmenneska sine, ikkje minst på grunn av veremåten til innehavaren og omsorga han viser.
– Alle føler at denne plassen er litt sin, det er ein møtestad med låg terskel, er nok ei formulering mange takksame gjester kan skrive under på.

 

(Frå Vest Telemark Blad 5.01.08)

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no