Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
TIL DEI UROLEGE HJARTO

TIL DEI UROLEGE HJARTO ( 12.12.10) Tre lys i adventstaken og luke nummer tolv.

 

 

Ei pilegrim frå Vestlandet ringa meg ved juletider i fjor. Ho måtte berre takke for sommarens vandring frå Vest-Telemark til Røldal. Bøna ho bad på Haukelifjell, vara enno. Kva ho handla om, sa ho fortalte ho aldri. Men ho ville gjerne helse meg med eit ord frå Gamle Testamentet.

Gjennom vandring hadde ho sett mykje av si fysiske avmakt. Og psykisk var angsten hennar følgesvenn og einsemda sleit henne midt i felleskap. Likevel noko hadde gått opp for henne under den nidagar lange vandringa mot Røldalskrisifikset. Ho hadde skjøna meir av si nådegåve. Evna til hjelp folk opp og fram.

 

Styrk dei kraftlause hender

Gjer deis kjelvande kne sterke.

Sei til dei urolege hjarto:

Ver frimodige, ver ikkje redde

Sjå der er dykkar Gud.

 

-Det var dette eg skjøna, sa ho kvitrande på telefonen. Evna til å hjelpe folk vidare. Trass manglande krefter og ressursar.: ” Men du veit, eg kom meg berre over Dyrskard ved å lyfte blikket på Herren.

 

(Jesaia 35, 3-10)

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no