Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
OGSÅ TIL SNILLE BORN

OGSÅ TIL SNILLE BORN (Onsdag 1. desember 2010)Adventstida har byrja. Det er tid for for å opne kalenderluker og telje ned mot juleaftan.I dag startar ein liten adventskalender på denne sida. Velkomne til å sjå bak luke nummer ein.

 

 

 

Det var aldri heilt lett å gje julegåver til mor. Når me spurte kva ho ønskte seg, var hennar lett irriterande svar var : Snille born.

 

Men ho forklara aldri korleis me skulle pakkast inn. No er det for seint. Mor er død. Og eg er vaksen. Men adventstida fører meg attende til barndomen.

 

Men det er ikkje mykje barnleg over det Jesus seier når han tek til med si gjerning. Heller  eit ord til for vaksne karar med hår på brystet og brokute fortid. Jesus fekk ein bokrull i templet, og las ein kraftig profeti frå Jesaja.

 

"Han har sendt meg for å ropa ut

at fangar skal få sin fridom

og at blinde skal få sjå

for å løysa dei trælka or tvang

og ropa ut eit nådeår  frå Herren."

 

 

Eit ord også til snille born.

 

(Lukas 4,16-22)

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no