Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
HELSE I KVART STEG

HELSE I KVART STEG ( 29.08.10) " Å vandre med håp," er over for denne gongen. Men det gode frå pilegrimsvandring er att, saman med støle musklar og nye kjennnskap. Ikkje minst helseminster Anne-Grete Strøm Erichsen og hennar og følgje var god å ha med seg.

http://www.vl.no/kristenliv/article93185.zrm 

 

- Det har vore veldig fint å få lov å vandre med håp, sa helseminister Anne-Grete Strøm Erichsen til avisa Vårt Land etter si pilegrimsvandring mot Røldal på fredag. Eller som ein av deltakarne sa til TA: - Det er helse i kvart steg. Det er godt å kjenne at kroppen fungere. Ein tenkjer ikkje på det som er sårt og vondt. Bare det gode .”

 

Prosjektet ” Å vandre med håp” var gjennomført for tredje gong sist veke. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom psykiatrien i Vest-Telemark, Dps i Seljord og Vi-To Kompetanse på Dalen og Prostidiakonen i Vest-Telemark.

 

I dette breie samarbeidet er målet å gå fem dagar frå Grunge kyrkje til den gamle stavkyrkja i Røldal. Det gamle krusifikset i kyrkja vart sagt å sveitte kring Jonsok. Fekk ein noko av denne sveitten på seg, kunne ein bli frisk.

 

Pilegrimstradisjonen har mykje å tilby menneske som ber ekstra tunge bører. Tradisjonen knyter saman helseforbetring, høve til eksistensielle tenking og fysisk aktivitet til ein heilskapleg tankegang om livsforbetring.

 

- For meg som helseminister har dette vore svært interessant og lærerikt. Eg har fått vandre saman med menneske med andre røynsler ; ufør, menneske utan jobb, menneske som slit med psykisk sjukdom og plager. Her er vi alle på same vandring.( Vårt Land 28.08.10)

 

 Bilde: I Røldal kyrkje vart helseminsteren Anne-Grete Strøm-Erichsen ovverekt ein engel. Engelen er laga av Bibbi Tveit frå Vinje og overrekt av Lars Geving frå Seljord.

 

Les meir i Vest Telemark Blad tysdag 31.08.10

 

http://www.vtb.no/vis.php?id=4832d. eller Vårt Land 28.08.10

http://www.vl.no/kristenliv/article93185.zrm

 

 

 Eller på heimesida til bjørgvin bispedømme

 http://www.kirken.no/bjorgvin/nyhet.cfm?nyhetid=311127

 

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no