Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
TANKAR FRÅ ÅRETS PILEGRIMSVANDRING

TANKAR FRÅ ÅRETS PILEGRIMSVANDRING ( 24.07.10) Årets pilegrimsvandring frå Vest-Telemark til Røldal er over for denne gongen.Femti pilegrimar kom fram til kyrkja i Røldal fredag 2.juli. Rike på gode opplevingar og nye kjennskap. Kanskje med ein og annan nye tanke om livet? Iallefall her er årets vandringsmedtiasjonar.

Preludium

Pilegrimsvandring handlar om å finne att noko. Noko ein hadde gløymt. Kanskje så enkelt som det å gå!

I vandringssekken finn eg att mi gamle fagforbundsnål. Nåla ligg av ein eller annan grunn nedst i sekken. Ei krossforma nål – kalla maltesar- eller johannitarkross – er diakonsymbolet. Den vesle nåla gjev meg litt av kvart å tenke på undervegs.

Krossen skal minne om Jesu kross. Den kvite fargen er eit symbol på: Sanning, tilbeding, det å gløyme seg sjølv, og hjartas reinleik.

Dei fire krossa armane er symbolet for dei fire kardinaldygdene: Klokskap, måtehald, rettferd og sjelestyrke. Dei åtte sidelinene symboliserar dei åtte sæleprisingane.

Dei åtte spissane symboliserer dei åtte riddardygdene: Eit fredsamt sinn, eit godt hjarte, ærleg anger, tålmod, eit godt sinnelag, eit reint og ærleg hjarte, mot under forfølging og vanskar, og å syne miskunn.

Så tek eg stolt på meg diakonsymbolet, og ber om at maltesarkrossen kan minne meg på eit og anna viktig undervegs.

 

Dag 1: Seljord–Morgedal

Herren er min hyrding (Salme 23, 1)

«Eg er ein fattig ferdamann,

må mine vegar fara

herfrå og til mitt fedreland

Gud meg på vegen vara.»

Den gamle salmen lyfter seg under kyrkjekvelven. Men tek ikkje av. Vandringsfolket har nett møtt kvarandre og ein er enno ikkje trygg nok til å heve stemma.

Eg sit i Seljord kyrkje, og veit eg skal døy.

Ikkje mindre enn det: Eg skal døy! Det er ikkje noko ny tanke, eller at eg endeleg har fått ein sikker diagnose. Diagnosen er som for alle menneske. Ein diagnose som alltid endar med døden.

Kyrkegarden ved Seljord kyrkje er full av dei som har gått føre – for ikkje å seie lagt seg til ro. Men før eg døyr, vil eg gå for livet. Med denne tanken legg eg nok ein gong ut på pilegrimsvandring mot Røldal.

I Røldal kyrkje heng eit underleg krusifiks. Kvar jonsoknatt tok det til å sveitte. Om ein kunne spare på sveitten i eit tøystykke, og få lagt det på den sjuke staden, ville kan hende Gud forbarme seg og gjeve lækjedom og fred.

Folk gjekk til Røldal for å bli friske. For å bli friske eller for å forsone seg med at dei skulle døy. Mange gjekk i staden for andre. I håp om å få med seg litt av sveitten heim att frå Røldal. Men det startar ikkje der.

Ein gong for femti år sidan vart eg boren til døypefonten i Lademoen kyrkje. Ein aprildag, seiest det. Boren fram av mine aller næraste. Dei som elska meg mest. Kanskje med unnatak av nokre små sysken, som fekk lite merksemd den dagen. Med krossmerke vart eg teikna. Eit merke som held gjennom alle dagar og i all slags vêr.

 

Me slår framfor oss krossen din,

og bed så Fadervåret,

i Jesu namn me sovnar inn

og ottast ingen fåre.

 

Så kjem Guds englar til oss ned,

held vakt kring våre senger.

Då får me sovna inn i fred,

me er kje redde lenger.

 

Gud, med oss alle saman ver,

så Krist for alle lyser!

Gud hjelpe dei som ute fer,

og dei som svelt og fryser!

(Jørund Telnes i «Me slår framom oss krossen din», 1890)

 

Dag 2: Morgedal–Øyfjell

Det vantar meg ingen ting (Salme 23, 2)

Å ha masker er slitsamt. Ein gong var eg utkledd som meg sjølv, syng Ulf Lundell.

Ha tol med meg, arme syndige menneske, seier me i syndevedkjenninga.

Men dette med «arme syndige menneske». Gjer ikkje det mennesket liten, knega av synd og skuld? Om det er syndenaud som slår ut, veit eg ikkje. Men under føtene murrar alt små gnagsår, og knea verkjer i nedoverbakkane.

Vandringa gjev høve til mange tankar. Tenker på ei jente eg kjenner. Ho har så mykje smerte inni seg, at ho må kutte og brenne seg. Rett som det er gjer ho små sjølvmord. Skjer seg opp på armane, og legg hendene på kokeplata. Denne smerta er rein avlastning for skamma det er ved å vera menneske. Ingen knugande religion har gjeve henne denne kjensla. Men likevel skamfull. Skamfull over ikkje å halde mål, ikkje passe inn, ikkje vera god nok.

 

Tak ikkje Himelen frå meg

steng kje den smale veg

Sløkkjest livet

som blodvarmt bankar

går jorda under for meg

Tak ikkje himlen frå meg

 

Tak ikkje lengten frå meg

Himlen av lys er full

Stig eg inn

gjennom Perleporten

går eg på gater av gull

Tak ikkje lengten frå meg

(Ingebjørg Kasin Sandsdalen i «Vegen og vandraren», 1960)

 

Dag 3 Øyfjell–Åmot

Han let meg liggja i grøne enger (Salme 23, 2)

I finvêret ein dag vart eg gåande med ein ivrig hobbyfiskaren frå Vestlandet. Me tok til å rø om tru og tillit. I generasjonar hadde folka hans vore fiskarar og sjøfolk. Fiskarane skjøna at dei var små på havet. «Dei visst godt at høvedsmannen sat ein annan stad,» sa medvandraren min. På havet var dei utlevert til naturen. Men aldri åleine. Så nynna me forsiktig ein gamal sundagskulesong: «Min båt er så liten og havet så stort, men Jesus har grepet min hånd, når Han styrer båten så går det så bra på veien mot himmelens land.»

Jesus var ikkje ukjent med sjølivet. Somme gonger tok han seg fram utan båt. I ein storm kom han gåande på vatnet. Disiplane vart livredde. Men Peter skulle no likevel syne motet sitt, og måtte bli dratt opp frå vatnet av Jesus. Stormen stilna og disiplane roa seg. I solidaritet kom Jesus ombord. Saman med Jesus var dei trygge.

 

Herre du strenge, Herre du milde, lova ver einast du!

Der ute gjekk stormane stride og ville, her er det fred og her er det stille,

her vil din tenarflokk bu.

 

Herre den gode, Herren den sterke, førte oss trygt i hamn, her vil vi reise ditt heilage merke, signe du dåden, vare du verket!

Lova ver Herrens namn.

(Halldis Moren Vesaas i nytt salmebok forslag, 2009)

 

Dag 4: Åmot–Mjonøy

Han fører meg til vatn der eg finn kvile (Salme 23, 2)

«Vinjevegen, Vinjebakkane, ei dryg mil, den illgjetne mila frå Åmot i Ytre Vinje opp til Vinje kyrkje,» skriv Tarjei Vesaas. Vegprosjektet frå Åmot til Gugarden i Haukeli vart starta opp kring 1840. Teikna av kaptein Rye. Ein mann som ikkje var tilhengar av omvegar. Rett fram same kva ein støyter på, synest å vera mantraet hans. Av ein eller annan grunn minner vegen meg om den opp til Kristus-statuen i Rio de Janeiro. Her tronar ein 30 meter høg Kristus over byen. I Brasil er det enorm skilnad mellom rike og fattige. Eg grunnar over at livets Lotto-trekning gjorde at eg vart fødd her i landet, og ikkje i ein fattig brasiliansk favela. Men Kristus er å sjå frå alle kantar av byen. Fattige og rike ser ulike sider av den store statuen. Kanskje har dei rike vanskelegast for å sjå han der dei sit innesperra bak høge gjerde for å trygge rikdomen sin.

 

Dei har spart Kristus

Han som var julas løve og tiger

og ei alarmklokke

Han er den siste i språket

Kristus tonar ikkje lenger mellom trea

Han er ikkje eit presens

og det fins ikkje noe Kristus-styre

Dei har lagt han i eit Kristus-skrin

og tatt han med seg utan bestemmelstad

På spørsmål svarar dei alltid at dei har Kristus med seg

Men me høyrer at han alt er død

President Nixon og Billy Graham elskar Kristus

Kristus er delt!

Dei regjerer over han

Det er noen som har sett han i ein draum

Og det draup vatn over andlet hans

Og det kom ikkje eit ord over leppene

Han som var ei alarmklokke. Og julas løve og tiger.

(Arvid Torgeir Lie frå «Skrive og tenkje», 1971)

 

Dag 5: Mjonøy–Edland

… og gjev meg ny kraft, (Salme 23, 2)

Somtid må me ut og gå på sjølve Europaveg 134. Trailerlyd som hylande stormkast. Pilegrimsvandringa er ikkje berre idyllisk vandring på mjuke stigar. Vandringa er som livet. Sundagsstille og kvardagsmas, om kvarandre. Mangt kan ein bale med. Halldis Moren Vesaas bala med trua, skriv sonen Olav Vesaas i biografien om mora. På slutten av krigen skreiv ho dette: «Eg kunne seie: eg trur. Eg kjende det berre, at det var noko, og at det var open veg mellom meg og han. Den opne døra, der eg ikkje hadde greidd å tru det var noka dør. For det er så mykje som taler mot det, slikt ein veit med hovudet. Men når ein så kjenner varmen og lyset frå den opne døra – Guds kjærleik – som denne kjære sjelehyrdingen vår sa – ja, eg trur eg har kjent det.» Diktaren sleit med å forstå alle sider av trua.

«Men kven kan eigentleg forstå Gud,» skriv salmediktaren Tor Ullsvik (1903–40). Ullsvik voks opp eit steinkast frå pilegrimsvegen på Mogane.

 

Store store Gud! Kven kan deg forstå?

Underleg er vegen som du fører dine på.

Men om vegen titt vert trong, eg fram til målet ser,

Den fagre, fagre himmelheim, tenk snart så er eg der!

 

Store, store Gud! Takk for denne von

som oss livet gav. Sjå, det liknar liten blom

som snart lyt falla av. Så det visna må og døy,

det livets lagnad er. Men bakom dødens skuggeland

eg himmelheimen ser.

(Sangboken nr. 469)

 

Dag 6: Edland–Vågsli

Han leier meg på dei rette stigar for sitt namns skuld (Salme 23, 3)

No går det rett vestover. Vandringa nærmar seg fjellet. Åsmund Olavsson Vinje (1818–70) søkte klokkarjobben i heimbygda, men fekk han ikkje og drog ut på  ferdavegen. Men han gløymde vel ikkje heimefjella som han såg i sin ungdom.

Kanskje slik òg med trua. Eg kjem i hug ein ungdomsleiar. Han tala om å få ei sterk tru. Ei som kunne flytte fjell. Så gjekk det mange år før eg trefte han att. Han hadde kollidert med realitetane. Trua var blitt samanklemt og lita. Heller ærbødig spurte eg om han no trudde på Gud. Svaret kom kjapt. Men etter kvart meir utfyllande: «Nei. Men eg har enno eit håp om at Han trur på meg!» Slik talar ein mann som har vore i livsens strid. Ein som har forsona seg med sitt livs prosjekt.

 

Alt er som før, men det er meir forklåra,

så dagsens ljos meg synest meire bjart.

Og det, som beit og skar meg, så det såra,

det gjerer sjølve skuggen mindre svart;

sjølv det, som til å synda tidt meg dåra,

sjølv det gjer harde fjellet mindre hardt.

Forsona koma atter gamle tankar:

det sama hjarta er, som eldre bankar.

 

Og kvar ein stein eg som ein kjenning finner,

for slik var den, eg flaug ikring som gut.

Som det var kjemper, spør eg kven som vinner

av den og denne andre høge nut.

Alt minner meg; det minner, og det minner,

til soli ned i Snøen sloknar ut.

Og inn i siste svevn meg eingong huggar

dei gamle minni og dei gamle skuggar.

(Åsmund Olavsson Vinje, «Ved Rondane», frå «Ferdaminne frå sommaren 1860»)

 

Dag 7: Edland–Ulvåa

Om eg går i dødsskuggens dal ottast eg ikkje for noko vondt (Salme 23, 4)

Det gode slepp laus mellom pilegrimane. Hjelpsame hender over bekker og klopper. Somme er fotterapeutar, andre tek ein sekk opp ein bakke. Kristus er tilstades her, tenker eg. Midt mellom oss. I dei gode augo på folk. Som det i katolske kyrkjer lyser eit raudt altarlys når det ligg innvigd nattverdsbrød – Kristi lekam er tilstades i kyrkja. På Haukelifjell ligg me tre gode netter på Fjellstad. Her utfaldar nestekjærleiken seg.

Kanskje var det ein slik stad han vart ført til den nedslåtte i verdas mest kjente diakonale historie. Samaritanen fann han i ei grøft, stelte såra med vin og salve, fekk han opp på eit esel og frakta han til herberget.

Vertshuseigaren tok vel imot. Det kunne ha vore Sigmund på Fjellstad, det.

 

Det heiter ikkje: eg – no lenger.

Heretter heiter det: vi.

Eig du lykka så er ho ikkje lenger

berre di.

Alt det som bror din kan ta imot

av lykka di, må du gi.

 

Alt du kan løfte av børa til bror din,

må du ta på deg.

Det er mange ikring deg som frys,

ver du eit bål, strål varme ifrå deg!

 

Hender finn hender, herd stør herd,

barm slår varmt imot barm.

Det hjelper da litt, nokre få forfrosne,

at du er varm.

(Halldis Moren Vesaas i «Frå Tung tids tale», 1945)

 

Dag 8: Ulvåa–Svandalsflona

For du er med meg (Salme 23, 4)

I diakonarbeidet kjem ein bort i kriser og ulukker. Somme spør korleis eg lever med det? Tungt å sjå folk lid. Eg kjenner at det gjer inntrykk. Likevel er det ikkje mi sorg. Eg let att døra etter meg og går heim. Men somme hendingar let seg ikkje stenge ute.  Slik var det for soknepresten i Vinje, Sigmund Lystrup, då måtte gå til ei ung mor i Haukeli med bodet om at mannen var omkomen under anleggsarbeidet. Olav Midtveit heitte den unge familiefaren, ein av 23 gode arbeidskarar som omkom under Tokke-anlegget. Kunstnarpresten Lystrup måla seg ut av hendinga, venen Tarjei Vesaas fekk sjå måleriet og skreiv diktet «Berget gret».

 

Berget som gret.

Eit bilete på veggen.

Det flintharde berg

Stup bratte berg

Ei raud hending skok

steinmassane til det inste

Berget gret

Og den som laga biletet

Måtte gå med dødsbod til det unge blod

 

Ville biletet danse for han

Flaut saman frå mange kantar

Der han stod fomla

Med blytunge ord

 

Slik græt berget

Slik krympar hjartet

Penselen visste det

Og leika seg i

eit opent samvet

Slik vart det diktet om

Berget gret

Alltid græt berget

Tusenårs gråt ber dei merke av

Når ein kjenner dei

Berga og gråten

Har ein med seg sjølv

(Frå «Liv ved straumen», 1970)

 

Dag 9: Svandalsflona–Røldal

Din kjepp og din stav dei trøystar meg (Salme 23, 4)

Det er godt å gå stille den siste biten ned Austmannali. Forbi Olavsteinen, over tunellen i eit herleg grønt landskap mot Bruhølen og vidare mot Krossmannali. Ei sorg, ein stille depresjon vaglar seg på plass i hovudet. Godt å nærme seg målet. Likevel. Er dette alt? Kva hadde eg tenkt skulle skje når eg kom fram?

I stilla kjem ein U 2 song for meg. Den irske popgruppa spelar for full musikk i mine øyro.

 

You brooked the bondes

And you loosed the chains

Carried the cross of my shame

You know I believed it

But I still haven’t found what I looking for

 

Heller ikkje eg har funne det eg leitar etter. Enno. Kanskje er poenget ikkje så mykje å koma fram, som å koma heim.

 

Herren har då sagt deg, menneske,

kva godt er,

og kva han krev av deg:

At du skal gjera rett,

visa trufast kjærleik

og ferdast audmjukt med

din Gud.

(Mika 6, 8)

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no