Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
VANDRINGSMEDITASJONAR FRÅ SOMMAREN 2006

VANDRINGSMEDITASJONAR FRÅ SOMMAREN 2006 Ordet pilegrim skal visst koma av eit latinsk ord for framand. I nokre år no har eg fått vandra pilegrim frå Seljord til Røldal. Mykje av dette området arbeider eg i til dagleg. Det har gjeve ein og annan tanke.

EIN PILEGRIMS VANDRING - FRÅ SELJORD TIL RØLDAL.

 

 

 

Tankar frå vandringa sommaren 2006.

 

SELJORD-MORGEDAL

 

DAG 1: FRIDOM

 

Nåde vere med dykk

Og fred frå Gud vår Far

 

Dei gamle pilegrimane hadde bestemt reiseutstyr med seg. Hatt og kappe til vern mot vær og vind. Stav til å stø seg på vegen. Staven skulle òg minne dei om kor naudsynt det er å stø seg til Kristus. Veska skulle vera lita. Ein pilegrim skulle klare seg med lite, og veska skulle alltid vera open slik at ein lett kunne dele med seg.Gjennom vandringa kan ane ein ny fridom og vera open for noko nytt. Folket på vegen er ulike. Nokon går for å få med seg historie og kulturen langs vegen, andre for helsa si skuld. Somme for trua på Jesus. Andre igjen for alt.  Men det er den same varme sola me kjenner, og er takksame for.  Nyt dei same svalande regnbyger, får like vonde gnagsår og kjenner lukta av sauemøkk, ja, trakkar jamvel i han. Vi går under den same høge himmelen. Følgjer dei gamle vegar.Dei som lagar mye vegar i sinnet. Midt i det heile kjem til å tenkje på den fattige kaffibonden på Haiti eg møtte på ei heilt anna reise for nokre år sida. Bonden vart spurt om han hadde von om det kunne vera ein veg ut av Haiti si djupe krise; fattigdomen,naud og ufred. "Me går og går og til slutt blir det ein veg," var svaret.

 

 

 

MORGEDAL-ØYFJELL

 

DAG 2: STEGET

 

Eitt to, ein støvel og ein sko.

Eitt to, ein støvel og ein sko.

 

Å sette det eine beinet framom det andre, er mi einaste oppgåve dei neste dagane. Det krev ikkje mykje.

Får lov å koble bort jobb og liv nokre dagar. Tenkje på andre ting. Finne pusten.  La gnagsår på beina erstatte dei på sjela. Men vandringa er meir enn geografi, og enno veit eg ikkje korleis det vil bli å berre vert å berre gå og gå.  Kva som kjem opp i meg? Trygge Gudstankar eller trugande tvil. Trong til å be Gud og menneske om tilgjeving? Finn eg freden? Kjem eg nær andre? I lomma har eg ein liten stein. I den legge eg alt av vondt og tunge tankar. Ville bære steinen over fjell og legge han ned ved Røldals-kyrkja. Han var òg ein slags pilegrim den gamle husmannen frå Brunkeberg som skulle reise frå nauden i Norge til "Det lova landet.". Han pakka sakene og braut opp, hadde tala høgt om at han skulle til den store byen New York, men kom ikkje lengre enn nokre kilometer mot Seljord. Når han seinare vart minna om si mislykka reisa, retta han nakken og sa tørt:" Dette er mitt  NewYork" Slik vil eg ha det. Fornøgd kva som enn kjem ut marsjen.

 

 

ØYFJELL- ÅMOT

 

DAG 3: DET ENKLE

 

Kjære Gud eg har det godt,

takk for alt som eg har fått.

Du er god du holder av meg ,

kjære Gud du går aldri frå meg.

Pass på liten og på stor

Gud bevare far og mor.

 

Naturen er rik, og dei som kan ser Gud i skaparverket. Fantastisk å få vera ute i mange timar. .Ligge i det grøne graset. Glede seg over regnbyga og sola som følgjer ein gjennom dagen. Stikke handa ned i ein bekk. Drikke seg utyrst.  Takke for at vatnet hjå oss enno er drikkane. Kjenne seg sulten, glede seg rast med saltpølse og brunost. Bli som eit barn att. Vasse med stor glede i bekkane. Skeine steinar utover vatne. Springe fort opp på småtoppar for utsyn. Må bli som eit barn att for å skjøne dei små gleder. Sjølve Meisteren sa at me mått bli som små barn for å forstå han. Eg ber ei halvegs gløymt barnebøn.under marsjen. Takkar for dei som i si tid kom inn på min sengekant. Dei som sette seg ned der, song og koste med slik at eg kjente meg elska inn i natta. Og framom augo mine kjem dei eg sjølv kan syne kjærleik.

 

 

 

ÅMOT- MJONØY

 

DAG 4: Å DELE

 

Sæl æ dei i føesheimen

Den fattige gjeve braud.

Han tar inkje reddast for i andre heimen

Fe lie nokon naud.

(Draumkvedet etter Maren Ramskeid)

 

Ein pilegrim går med open veske og ryggsekk. Ein skal kunne dele både mat og opplevingar undervegs. Somme gonger gjev ein- andre gonger tek ein imot Å ta imot kan vera like vanskeleg. Apostelen Peter nekta fyrst sjølve Jesus å vaske beina hans. Meistreren mått bli streng, og fortelje at då kunne ikkje dei ikkje meir fellesskap  Pilegrimane gjennom Vest- Telemark får ein smak av eit gjestfritt folkeferd. På ein fest der diktaren Tarjei Vesaas frå Vinje var gjest, vart det ordskifte om kor folk var mest gjestfrie. Ein sa ”Me bed dei bli over natta". Ein annan meinte at folk kunne ikkje bli mindre enn ei veke.” Tarjei stogga heile ordskifte med å seie: ” Hjå konn seier me berre: Du blir vel over veten!” Den same diktaren selde ei hustomt til ein granne. Betalinga drog ut, og grannen klaga aldri så lite over at det var ei ulageleg hustomt han hadde fått seg. Tida gjekk og Vesaas såg aldri noko til tomtepengane. Men for å få orden på tinga tok han og kjøpte heile tomta attende, og naboen fekk pengane han skulle ha betalt. Slik kan vel og Guds nåde opplevast.

 

 

 

MJONØY-EDLAND

 

DAG 5: I STILLA

 

Deilig er jorden

Prektig er Guds himmel

Skjønn er sjelens pilgrimsgang

Gjennom de fagre riker på jorden

Går vi til paradis med sang.

( Frå Deilig er jorden)

 

Som dagane går stilnar mangt og mykje. Mykje prat er ein ferdig med. Lydane forandrar seg, sjølv atten-meter lange trailar høyres mest ikkje. Sinnet har skrudd inn på kortbølgja. Ein trng ikkje skru at å fram for å finne rett bølgjelenge. No høyres fuglesongen klart og tydeleg utan skurr og ulyd.  Godt òg å  sleppe og prate, godt at stilla ikkje lenger er trugande. Eller flau eller vitnar om dårlege sosiale fungering. Jesus søkte stadig stilla. Forsvann avsides til disiplane si store fortviling. Dei meinte han hadde så mykje anna viktig å gjere. Men Jesus gjekk for å be og for å tenke. For å søkje kontakt med sin Far. Eg teknjer på karen som kom inni ei kyrkje kvar einaste dag. Sette seg heilt stille og berre såg opp på bilete av den krossfeste Kristus.  Kva han såg etter vart, han spurt: " Eg ser på han og han ser på meg.. let svaret. Kan hende var det Kristus-bilete frå Vinje-kyrkja han såg på. Om det sa Henrik Sørensen som måla den ljose og milde Kristus;" Vinbyggjane  skal ha ein mild Kristus fordi dei er så snille".  Eg ber og om å få møta den milde Kristus når eg skal vandre over det siste fjellet.

 

 

 

EDLAND-BOTN

 

DAG 6: RO

 

Eg lyfter min augo til fjella.

Kvar kjem mi hjelp ifrå?

Mi hjelp kjem frå Herren,

Han som skapte himmel

og jord.

( Or Salmane)

 

Det er i motbakker det går oppover, seier ein lett. Men under vandring kjenner eg mindre og mindre uro.  Den udefinerbare uro er bytt bort med reel smerte, og vonde gnagsår. Dei er lettare å bère en den hitt!  Om når fjellet kjem mot meg, tek eg til å forstå orda frå Salmane i Bibelen på ein ny måte.  Eg vil opp på toppane. Eg vil finne Gud høgt der opp. Der oppe vil eg legge av meg all uro og bekymring. Klatrar eg høgt nok, er flink nok, seier fram dei rette bøner til rette tider får eg vel møte Herren sjølv her oppe på fjellet. Gud ber oss lyfte augo å sjå - då får me kankje oppleve ein som kjem oss i møte med opne armer ned liene? Når me klatrar som verst for å nå Han - er Han alt hjå oss. Han som kjem oss i møte for å lyfte av seg børa vår. Og sauane på fjellet talar sterkare enn alt om kven han er: Sjå der er Guds lam som ber bort all verdas synd.

 

 

BOTN- HAUKELISETER

 

DAG 7: LANGSAM

 

La konn seie at eg kjem med hest og klyv,

Å du gjeng med ein kallege kasse på ryggen.

Og so seie eg at; Kom mæ kassen fin,

So legg me den uppi klyve.

( Gamal herme frå Vinje)

 

Pilegrimsmarsjen er ikkje idrett. Det er ikkje ein gong nokon stor fysisk prestasjon om ein er så heldig å bein og rygg til å henge sekken på. Det er heller ei øving i å gå sakte nok. Går ein sakte nok, stressar nok ned flyt ein livet ned frå hovud-tankane ned i magen Det rasjonell, intektuelle og logiske koblast meir og meir ut. Hjartedunkar frisk og godt, kjenslene tek magadrag rett som det er. Det indre menneske opnast. Skremmande og godt på ei og same tid. Så kan ein tenkje på Gud, menneske ein bryr seg om , har såra. Mange bilte flagar forbi. Ei dame eg møter i jobben min stikk stadig innom tankane. Livet hennar har aldri vore lett. Angst har jamt lura rundt husnovene. Men ho ber meg heim til seg til mat og kaffi. Får med til å kjene meg vel. Spør koleis eg har det på ein slik måte at eg vert stum. Er det ikkje eg som skal stille spørsmåla. Så ein vanleg tordagsføremiddag ser ho på meg med sine gode augo, medan ho tørt sier: "Du skal vita at du er ein del av livet mitt" Og eg takkar og tenker at finare komplemenet  har eg ikkje høyrt. Så heldig eg er som får vera ein del av eit anna mennesket sitt liv.

 

 

 

 

HAUKELISETER-SVANDALSFLONA

 

 

DAG 8: TRU

 

Når ein ser ein kjær blom

trakka på og audmjukt og knekt

Men ser  han reise seg på ny

Få helse, få fargar bli vakker

Få kraft til å reise seg

Då synest ein ikkje at livet er spilt.

(Tarjei Vesaas)

 

Dei fyrste pilegrimar vandra mot Gud. Eller der ein trudd at Gud var. Ein ville bli fri sjukdom og synd. Få kaste krykkjer av mange slag. Gjera bot, reise seg på nytt som ein nedtrakka blom, og bli vakker etterpå: Det svingar av namna på pilegrimsmåla; Santiago del Compostella, Vadsten,  Nidaros og Røldal. Når ein ser slutten på heile vandring kjem tankar om verdien, poenget og nytta av ein slik tur. I vår samanhang er målet blitt mindre viktig, nå talast det vel helst om prosessen, vegen, vandring- eit ord høyrer saman tru. Trua er ikkje anna enn vandringa med Jesus. Somme gonger nær- andre gonger fjernt. Ofte kjensla av han har gøymt seg. Men tru er å lyfte blikket bort frå seg sjølv. Vera heldig som får sjå på Jesus i staden.Trongen for ord er overvurdert. Ofte kjem orda som plutseleg skoddedottar i fjellet, og skuggar for sola.  Den gamle ortodokse Kristus-bøna ber ein seie Jesus Kristus på innpust og: Herre miskunne deg over meg - utpust.Og skulle ein bruke heile livet til å finne ut av trua- vil det framleis vera Ein som ventar.

 

 

SVANDALSFLONA-RØLDAL

 

DAG 9:MÅLET

 

Måtte vegen stiga opp

For å møta deg

Måtte vinden alltid vera deg i ryggen

 

Måtte sola skina varmt

På ditt andlet

La regnet falle mjukt på

Dine åkrar

Og til me møtast att

Må Gud halde deg i si hand.

 

(Gamal keltisk velsigning)

 

Vegen har vore god. Rett mengd av sol og regn Og eg har kjent at Gud har halde oss i si hand.Og endeleg er målet i sikte. Det velsigna målet. Vandringa går mot slutten. Kjenner meg velsigna. Takksam for at eg fekk gå turen Eit steg er den enklaste rørsle som finst. Men likevel ikkje gjeve alle å oppleve. Takksam for menneske har møtt langs vegen. Alt det vakre, alt det god, alt gjeve oss frå Skaparen si han. Han som har velsigna meg så rikeleg at eg tek det heile som sjølvsagt, og ofte gløymer på takke. Det minner meg om gutungen  som vart sendt til granne garden for å kjøpe jordeple. Kona på grannegarden ville ikkje ha pengane guten hadde med seg. Guten vart fortvila og redd. Mora hadde då sagt tydelege at han alltid måtte gjera opp for seg. Men den gode kona sa berre: Gjev det gode du møter vidare.

 

Den gamle kaffebonden på Haiti hadde rett. Det vart ein veg.  Ein god veg. Ei god reise.

 

Eilev Erikstein

 

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no