Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
VANDRINGSMEDITASJONAR FRÅ 2009

VANDRINGSMEDITASJONAR FRÅ 2009 ( 18.07.09) Under den årleg pilegrimsvandringa frå Seljord til Røldal er mi oppgåve å dele nokre tankar. Slik vart dei i år.

 

1. SELJORD- MORGEDAL

 

 

 

PRELUDIUM

 

Det er fort gjort å bli frelst på pilegrimsvandringar. Har ein fyrst fått smaken på vandringslivet, kan ein lett bli hekta. Røldal var eit stor pilegrimsmål. Frå katolsk tid til langt opp på 1800-talet.  I den vesle stavkyrkja i Røldal fanst det eit undergjerande krusifiks. Krusifikset vart sagt å sveitte .Fekk ein tak litt av sveitten på seg kunne ein bli helbreda.

 

På vestveggen av Seljordkyrkja er det teikna ein labyrint. Det er vert sagt om slike labyrintar i, at dei var folk som var for sjukelege til pilegrimsferd. I staden kunne dei ”gå” gjennom labyrinten.

 

Kan du ikkje sone svarte syndi

Berrføtt på Dovrefjell

Så kan du ride til Seljordskyrkja

Den mørke olsokkveld

Ja kan du løyse labyrinten

Og nå til inste lè

Du tarv ikkje fara til Nidaros

Og bøygje dine kne

(Halvor J. Sandsdalen)

 

Pilegrimsvandringa leier meg ut av min eigen labyrint. Er så heldig at eg har gode bein og ein rygg til sekken. Det er fantastisk å vera på veg- og på merke at det held med dette: Å vera på veg.

 

 

2. MORGEDAL- ØYFJELL

 

Å ROE SEG NED

”Ro deg ned – gå deg ein tur”, sa mamma når eg var som mest hissig i ungdomen.  Det hendte det hjelpte og at eg kom roligare attende. Seinare har eg vel skjøna at det er noko med dette beina fatt. Dei langsame rørslene roar tankane.

 

Det fins nokre nykelord for ein pilegrim: Langsam, det enkle, utan bekymring, tystnad, fellesskap, fridom og smaken av det åndelege.

Folket på vandringsvegen er ulike. Det er noko av det eg likar best. Somme går for historie og kultur langs vegen. Andre for helsa si skuld. Nokon i solidaritet med ein som såg det uråd å gå aleine. Andre for det åndelege. Eller heile pakka. Men det er den same høge himmelen me går under. Kjenner varmen frå den same sola. Eller går saman i kaldt regn. Får like vonde gnagsår, og trakkar i den same sauemøkka. Langs gamle vegar går dagane. Blir til nye i sinnet. Den rolege og jamne tråkkinga, gjev godt høve til tankar. Om Vest-Telemark landskapet er dramatisk, skal det mykje til for å måle seg med vårt indre.

 

Eg hev vore meg upp mæ sky

Å netatt på svarte dikji

Eg hev sett at heite helvite

Å ein del av himmelriki

(frå Draumkvedet)

 

3.  ØYFJELL- ÅMOT

 

KOM OG FÅ MAT

Etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde, tok det lang tid før læresveinane verkeleg forstod det. Samanhengen gjekk ikkje opp for dei før dei møtte han på strand ved Genesaretsjøen ein morgon. Dei hadde fiska heile natta. Jesus bad dei kaste nota på andre sida. Sjølv fyrte han opp eit bål og ordna til eit fiskemåltid. Det var då han ropte ut verdas mest alminneleg setning, at dei skjøna at det var den oppstadne Kristus.” Kom og få mat!. Ikkje den store proklamasjonen. Men enkelt og kvardagsleg.

 

Eg har alt. Nok mat kvar dag. Niste på vandringa og vatn i bekkane. Prøver å halde unna tankane på dei som ikkje har noko å dekke på bordet. Berre alderen skil. Elles kjenner meg som han som gjekk sorgtung bort etter å ha møte Jesus krav om å gje rikdomen sin til dei fattige.

 

Legg ikkje rikdomens

Tunge bør på meg

Om eg ikkje får

Eit nytt hjarte

 

Gjev meg ikkje mykje gods

Om eg ikkje får

Ei hand som er god.

 

Spar meg for mykje jord

At ho kan gje slepp

På meg ein gong

Når støv blir ropt av støv

(Ingebjørg Kasin Sandsdalen)

 

4.  ÅMOT- MJONØY

 

EIT STEG ER NOK ÅT MEG

 

Ei pilegrimsvandring er god medisin mot uro og bekymring. ”Eg treng ei sjå min veg, eit steg er nok åt  meg ”, heiter det i Leid milde ljos. Det handlar om å ta eit steg om gongen. Ikkje særleg revolusjonerande det. Men i eit moderne liv må ein å ta stilling til alt for mange ting samstundes. Ute på vandringa er fuglesongen fuglesong, og ikkje den nyaste nedlasta ringetonen.

 

Bekymringane minkar under vandringa. Eg søv godt. Sju –åtte timar kvar dag ute i frisk luft og slitne bein, er god medisin.

 

Mattis i Fuglane av Tarjei Vesaas var ein enkel pilegrim gjennom i livet.  Mattis store gåte: ” Kvifor er det slik det er? Det er dei fleste menneskes uløyste spørsmål. Eit spørsmål som eg tenker folk skal gruvle på i alle tider, og til liten nytte. Visste ein det, så var det ikkje lenge før ein ”skarping” fann opp ei hjelp mot det òg, sikkert i tablett form.”( Tarjei Vesaas) 

 

Diktarparet Halldis og Tarjei Vesaas var verdskjende.  Store ute i verda, men og viss på at dei høyrde til , hadde hjartet sitt ein stad.  Etter at Tarjei døydde i 1972 let det  frå grannelaget: –”Det er vel ingen som kjem til å sakne Tarjei so mykje som me hera i Særensgrend. 

 

 

Ved siste hogg

Går sola ned

Øksa står i stabben

(Jan Erik Vold)

 

 

5. MJONØY- EDLAND

 

GJE MEG HANDA DI

 

Å være på vandring betyr at ein ikkje veit kva som ventar ein. Eit indonesisk ord for reise vert sagt å tyde ” å få vaska augo.” På vandringa kan ein kan risikere litt av kvart. Som: utvikle venskap, kjenne fred, få smaken på det enkle vandringslivet, få ein god latter, auka kjærleik til naturen, opne seg mot andre, bli meir tolerant og audmjuk, få gje noko godt til andre og oppleve at andre vil ein vel. I mitt hovud likar eg å tenke på at dette er den gode Guds avtrykk i verda. Eg undrast: Kvifor er det så mykje godt i verda midt mellom alt vondt?

 

Så hastar det å dele alt godt. Menneskelivet er avgrensa i tid og rom. Men ikkje kjærleiken

 

Vil du gje meg handa ved månens skin

Lauv du er

Under open himmel. Over open avgrunn

 

Som lauv

Er du og eg

Fort skjelvande

Og fort borte

Kom -

(Tarjei Vesaas)

 

6.  EDLAND- VÅGSLI

 

TYSTNAD

 

Størst mogeleg tystnad, sa ein svenske sirkusdirektøren under dei farlegaste trapsnummera. Han ville fått ei utfordring under pilegrimsvandringa. Her er  mykje prat og lått. Men somtid senkar det ein god tystnad seg over følgjet. Det pausane mellom tonane som gjer musikken, fortalte ein musikk elskande pilegrim meg. I stilla utviklast nye tankar.

 

Jesus hadde berre tre år på seg til å få fart på kristendomen. Midt i stresset trekte han seg attende for å be. Somme spør meg om ein må vera truande for å vandre pilegrim. Nei, tenker eg, kan ein ikkje heller snakke om å vere nysgjerrig på trua, ha ei lengt eller undring i seg. Og i beste fall kan kyrkja med sin songar, liturgi og sitt fellesskap tru for ein.  Ei dame på eit kurs skulle forklåre kva som dreiv henne i arbeidet med alkoholikarar: ” Når folk har slutta å tru på seg sjølv, treng dei nokre som trur på dei. ”

 

I stilla kan eg bli klar over mine eigne grenser. Kva grinder eg vil opne og le eg vil stenge i livet mit.

 

Så lenge eg veit du vil koma iblant

Som no over knastrande grus

Og smile glad når du ser meg stå her

Skal eg ha ein heim i mitt hus

(Halldis Moren Vesaas)

 

7.  VÅGSLI- ULVÅA

 

BLOMAR BLØMER i DESSE ÆR

 

Det er mangt ein kan tenkje på langs vegen.  Natur og menneske går i eitt. I det eg bøyer meg ned for drikke i ein bekkeos, møter eg eit kjent andlet. Ei dame som sa ho hadde møtt veggen. Ein vegg bygd av eit hardt liv gjennom mange år.  No trengte ho nokon å snakke med. På trammen etter samtala spurte eg om ho om ho såg noko dør i veggen.  Då såg på meg med sine gode augo: ” I dag vart du døra mi.” Godt å bli kalla dør. Men ikkje minst godt når nokon finn døra til livet. Det må handle om fridom. Å bli sette fri. Frelse kjem av det same og betyr ”fri hals”.

 

Fridom er når ein kan sjå seg attende og forsone seg med livet slik det var. På Haukelifjell forstod eg kva eg måtte gjere,  sa ei.

 

Men blomar blømer i desse ær,

og blømande blom er tåret.

Det såleis også med jordi er:

når regn og dogg ho frå himlen fær,

så veksa blomar i såret.

( Åsmund Olavsson Vinje)

 

 

8.  ULVÅA - SVANDALSFLONA

 

GLYTT AV DET HEILAGE 

 

Eg går og funderar på Guds fråver ein dag i gråvêret. Lurer på korleis eg kan oppleve nærveret  om ein ikkje kjenner fråveret.

 

I dei andre pilegrimane og i dei me møter gjennom livet, er det forkledde Jesus`ar: Forkledd som ein fattig, ein forfølgd, ein fengsla ,ein  tyst eller ein svolten. Ein gamal kollega fortale om sin himmeldraum: der skulle alt openberrast. Han hadde mykje han ville ta opp med Meisteren og ikkje minst Paulus. Så ville det elles bli klart for oss kor viktige kvart einskildt menneske liv hadde vore.

 

 

I himlen vert det glede når ein syndar vender om

I frå den ville vegen som er så kald og skum

Høyr hyrdingrøysta kallar : Kom heim frå ville veg.

Så vart den frelste frå syndi som ned mot myrkret dreg

( Johans Bakken)

 

 

9.  SVANDALSFLONA- RØLDAL

 

POSTLUDIUM

 

Pilegrimsvandringa går mot ein ende. Godt å å sjå den vesle kyrkja i Røldal. Kjenne seg velkomen. Kjenne seg heime. Dei gamle pilegrimane hadde ei oppgåve etter at dei var kom heimatt: Å gje det gode dei hadde møtt langs vegen, vidare. Og slik alltid vera undervegs.   

 

Ingen sveitte kom frå krusifikset i Røldal kyrkja. I det eg ser opp på den lidande Kristus tenker eg på han som kvar dag kom inn i ei kyrkje, sette seg under eit liknande krusifiks. Så vart han spurt kva dette var godt for. Eg ser på Han, og Han ser meg.

 

Dette er ein gamal veg

Der fut og fant for fram ein gong

No ber vegen mine steg

Og røysta mi ber fram ein song

 

Dette er ein skog med folk

Frå løynde rike, gløymde bort

Ser på alt med unders augo

Dukkar snøgt fram, gøymest bort

 

Denne duva kjem til deg

Som leitar etter veg å gå

Send ifrå den stad du strevar

For å hugse namnet på

(Stein Versto)

 

Vandringa har vore god. Velsigna er eg blitt.

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no