Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
VANDRINGA OVER FOR DENNE GONG

VANDRINGA OVER FOR DENNE GONG ( 17.07.09) Årets pilegrimar frå Vest-Telemark kom fram til Røldal fredag tredje juli. Aldri har så mange vore med. Nesten femti vandrar dei tre siste dagane.Attendemeldingane etter dei ni vandringsdagane var mange og vakre:- Som eit einaste stort gjestebod, sa ein.

Det bilætet det var ein

undramann

for helst ved jonsoktider

det var so att sveitten sila og rann

ifrå alle sider

Det er som fyr oss alle lider

( Åsmund Olavsson Vinje i Storegut)

Åsmund Olavsson Vinje fortel i diktverket Storegut om ei pilegrimsvandring til det undergjerande krusifikset i Røldal.  I våre dagar går nye pilegrimar frå  Vest-Telemark til Røldal. Fredag 3.juli kom femti pilegrimar frå Vest-Telemark fram kyrkja i Røldal.

- Dette har  vore som eit einaste stort gjestebod, uttrykte ein pilegrim etter sommarens pilegrims dagars vandring frå Vest-Telemark til Røldal.

Utsegna kan godt stå som ein hovudkonklusjon for  årets pilegrimsvandring.  Og eg tenkjer på Tarjei Vesaas som ein gong hamna i eit ordskifte om gjestfridom. Den eine etter den andre la ut om korleis dei behandla gjestene sine. Baud dei mat og seng. Diktaren avslutta samtala: - Hjå kònn seier me berre; Du blir vel over veten?”

Ein viss ironi kan ein tenkje over dette ordskiftet. Men det står fast at dagens pilegrimane vert teken godt imot i Vest-Telemark.  Dei friviljuge – frå  sogelaga  og sokneråda , er : Frie, viljuge , og  heite. Dette er kanskje eit av vandringas sterkaste kjenneteikn. Men så talar dei lokale eldsjelene om pilegrimsvegen som: Òkkos - eller vår veg

”Òkkos veg”  og pilegrimsvegen er den same. Den dagen dette ikkje er sant, blir pilegrimsvandringa til Røldal noko anna ! Då gror vegen verkeleg  att, og den store infrastrukturen mellom natur, kultur, tru, historie og  menneske vert borte. Er det ingen som er stolt og glade over heimstaden vert  det  ingen ting å syne fram. 

Er ein stolt og trygg over det ein har å syne fram, kan ein òg vera raus med dei ein møter.  Raust, er kanskje eit anna stikkord. Raust heile vegen.  Mange  namn  kan nemnast.  Dei fleste vil seie som dei rettferdig  i bibelsoga : ” Når såg vi deg svolten, eller tørst eller framand ?

Pilegrimsvandringa gjev folk rom for refleksjon, lengt og undring.  Og skulle ein undrast over kvifor folk ein møter på  vegen er så gode, får ein finne ein måte å gjeva det gode frå pilegrimsvandringa til Røldal vidare. Då har vel det undergjerande krusifikset i Røldal nok ein gong synt at det har helbredande krefter?

 

Fekk nokon av sveitten den minste dogg

Vart sjukdomen yvervunnen

Um sjuke eller halte eller sår av hogg

Han var som til livet funnen

Med lovord i sæle munn.

(Frå Storegut(

 

Ei pilegrimsvandringa gjennom Vest-Telemark god hjartemedisin. Både for dei som går, men og dei som har gleda å møte dei vandrande. Dei som får lov å vera hjarteleg gode.  For alle gjeld det gamle ordet frå Ordtøka:  ”Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på, for livet går ut frå det.”

 

 Eilev Erikstein

 

 

 
Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no