Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
TAKK TIL EIN TRUFAST TENAR

TAKK TIL EIN TRUFAST TENAR ( 3.06.09)Det fins ein trufast gjeng som gjer diakoni i skogsleiren i Fyresdal. Denne veka vart ho med lengst tid i leiren takka. Solveeig K. Tveitå har vore visitør i 23 år.

 

Det fins mange gode menneske i Fyresdal. Fleire av dei er med på diakonitenesta for  skogsleiren i Kleivgrend. Somme baker kaker til dei innsette, andre er visitorar eller køyrer dei innsette til gudstenester.

 

I mange år har kyrkjelyden i Fyresdal gjeve dei innsette eit diakonalt tilbod. Kakebaksten er eit kapitel i seg sjølv. Heimebaksten kjem som venlege helsingar frå bygda. Etter ei retteleg god kake var det ein som proklamerte at desse kakene var til å bli religiøs av. Betre skussmål kan vel ikkje kaker få.

 

Det er ein trufast og stabil gjeng som er visitorar. Denne veka vart Solveig K. Tveitå takk for sitt lange engasjement i skogsleiren. Til stor applaus frå dei innsette. Heilt sidan 1986 har ho vore med på besøk i leiren. Det vert mange timar i samtaler om livets små og store utfordringar.

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no