Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
DÅ JESUS KOM UT AV SKÅPET

DÅ JESUS KOM UT AV SKÅPET Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 2.04.09

 

Eg ser det for meg. Høyrer uro i stemmene. Kviskring rundt bordet. Kva skjer? Har han sagt noko? Kva vert det med oss?

 

Jesus har samla læresveinane sine ein aller sist gong. Det aller siste måltidet. Maten er på bordet. Brød og vin. Høgtidsamt som eit minnesamvere.

 

Plutseleg kjem Jesus ut av næraste bøtteskåp med eitt vaskefat. Fyller det. Heng eit handkle over skula. Bøyer seg ned for å vaske føtene på venene sin. Korleis kan han gjere dette mot oss? Dette er ikkje rett?

 

Som vanleg er det Peter som seier frå. Er ikkje  rett at du vaskar våre bein? Jesus vert retteleg streng i målet: Får ikkje eg vaske føtene dine, er me ikkje lenger kameratar?

 

Jesus vaska læresveinane sine føter, og synte kva påska handlar om. Gud som bøyer seg ned for å tene  menneska. Liding på krossen. Oppstoda. Fotvasken som samlar hele tenesta i et einaste vaskefat.

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no