Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
RAMASKRIK

RAMASKRIK Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 12 januar 2009

Det vesle Jesusbarnet lærte fort kor usikker plass denne verda er. Kort tid etter fødselen vart han flyktning. Jesus vart berga unna til Egypt. Og kong Herodes såg ein konkurrent i barnet, og drap alle små guteborn i jødebyen Rama

 

Det er ikkje til å undrast over at det vart ramaskrik. Men vert krigen brutal nok stilnar skrika. Det har undra meg mange gonger at lidinga er så stille. På tv-bileta frå flyktningleirar og krigsplassar det ofte heilt tyst. Augo har slokna og ropa stilna.

 

Me treng eit ramaskrik mot alle krigar. Denne gongen mest mot det som skjer  på Gaza-stripa. Eit ramaskrik som kan vekke oss opp frå tanken om at dette må me berre akseptere.

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no