Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
GOD JOL OG GODT NYTT ÅR!

GOD JOL OG GODT NYTT ÅR! (24.12.07) Det er tid for å ønskje god jol og godt nyttår.Og samstundes takk for alt godt samarbeid i 2007.

Eg kjenner meg privilegert  som får lov å vera diakon i Tokke, Vinje, Rauland, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal. Kjenner meg heldig og glad for å kunne arbeide i kyrkja her i Vest-telemark. Er takksam for å kunne vera med eit stort verdsvidt fellesskap. Eit nådigt fellesskap, som etter hendinga på Betlehemsmark har spreidd seg òg til oss.

Så er eg takksam for alt godt samarbeidet eg får ha med diakoniutvala, sokneråda, kyrkjeverjer og prestar. Alt det gode eg møter hjå kommunane og offentlege instansar.Takk til styret for Diakonatet, som fortel meg at eg framleis etter sytten år gjer ein god jobb! Ikkje minst takk til alle som opnar døra for meg og byd meg på kaffe....

”Ære vere Gud i det høgste og fred på jorda hjå menneske som Gud har glede i.”

God jol og godt nyttår !

Med venleg helsing

 

Eilev Erikstein , prostidiakon i Vest-Telemark

 

Bilete: Hand som velsignar. Altartavla i Grunge kyrkje måla av Harald Kihle. 

 

 

 

 

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no