Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
GOD JOL OG GODT NYTTÅR!

GOD JOL OG GODT NYTTÅR! ( 24.12.13) Vår tidsrekning startar med at Jesus vart født. Håpet kom til jorda på joleaftan.Guds Sonen kom og tok på seg våre klede. Våre sko, han veit kvar dei trykkjer.Gud veit kven vi me er og elskar oss.

Eg kjenner meg privilegert  som får lov å vera diakon i Tokke, Vinje, Rauland, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal. Kjenner meg heldig og glad for å kunne arbeide i kyrkja her i Vest-telemark. Er takksam for å kunne vera med eit stort verdsvidt fellesskap. Eit nådigt fellesskap, som etter hendinga på Betlehemsmark har spreidd seg òg til oss.

Så er eg takksam for alt godt samarbeidet eg får ha med diakoniutvala, sokneråda, kyrkjeverjer og prestar. Alt det gode eg møter hjå kommunane og offentlege instansar.Takk til styret for Diakonatet og kyrkjeatabane rundt omlring.

 

Ikkje minst takk til alle som opnar døra for meg og byd meg på kaffe....

”Ære vere Gud i det høgste og fred på jorda hjå menneske som Gud har glede i.”

God jol og godt nyttår !

Med venleg helsing

 

Eilev Erikstein , prostidiakon i Vest-Telemark

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no