Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
JOL I SKOGEN

JOL I SKOGEN ( 23.12.08) - Det vert ikkje ordentleg jol før eg har fått denne stunda i skogsleirlavoen,seier inspektøren i Arendal Fengsel Thor Brekke.I går kveld var det igjen klart for den årlege joleavslutninga i skogsleiren i Fyresdal.

Her var det jolesongar og dei kjente Lukas-orda om Jesus fødsel. Thor Brekke takka både tilsette, innsette og visitorane for det dei gjer i skogsleire. I år nytta han høve til å takke Vest-Telemark Vidaregåande Skule for den undervisninga dei gjev i fengslet. Rektor ved skulen Torgrim Oterholt kvitera med å tilby dei innsette datakurs i romjola. Ordførar Bjørn Nome i Fyresdal  var også kome til leiren for å ønskje "God jol". Ellen Margrethe Garn frå Fyresdal kan  feire 20-år som visitor i skogsleiren, og vart takka for for si trufaste teneste.

Gjennom diakonien vert det gjeve tilbode om samtalehjel pg sjelesorg, kyrkjeskyss og vistorbesøk. Ein gong i månaden kjen diakon og visitorar til leiren. Kvar gong er det det mellom 10-15 av dei som innsette som  møtast for kaffi og prat. 

 

Bilde: Ellen Margrethe Garn framfor skiltet til Arendal Fengsel, avdeling Kleivgrend.

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no