Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
SMÅ TING GJER EIN SKILDNAD

SMÅ TING GJER EIN SKILDNAD Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 7.12.08

 

Fyrste desember 1955 gjekk den afroamerikanske sydama Rosa Parks (1913-2005) som vanleg på bussen sin i Montgomery, Alabama i USA. Som følgje av raseskilje politikken i Sørstatane var dei fire fyrste bussradane reservert kvite. Rosa Parks sat korrekt plassert mellom dei svarte bak i bussen. Bussen vart full, og sjåføren baud Rosa Parks og tre andre å gjeva frå seg seta til dei kvite. Rosa Parks var den einaste som nekta

, politiet kom og ho vart arrestert.

 

Presten Martin Luther King fekk høyre om den modige kvinna og den svarte borgarretsrørsla valde og boikotte bussselskapet. I 381 dagar varde bussblokaden og etter ulike rettsrundar vart raseskiljepolitikken oppheva.

 

Om nokre månadar set Barak Obama seg på den amerikanske presidentstolen. Eg likar å tenkje at han aldri kunne blitt president om ikkje Rosa Parks hadde gjort som ho gjorde. Hennar vesle handling bana vegen for store endringar. Rosa Parks fann seg ikkje i at det skulle vera skilnad på menneske.

 

Eilev Erikstein

eilever@online.no

www.prostidiakon.no

 

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no