Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
EIN KLEM OG DET HAN KAN FØRE MED SEG

EIN KLEM OG DET HAN KAN FØRE MED SEG Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 13.11.08

 

Dei gode folka der eg har kontor, fortalte meg førre dagen at ei dame hadde vore innom for å gje meg ein klem. Så vidt eg forstod, visste dei ikkje kven ho var. Eg tok til å tenkje på ei ukjend dama med ein klem til overs. Kven kunne det vera? Ei som kom for å takke for noko? Noko bra eg hadde gjort eller sagt? Eg såg liksom arbeidslivet frå dei siste vekene i sakte revy. Prøvde å finne noko bra mellom dei meir vanlege kjenslene av av å ikkje vera flink nok.  Det heile vart som ei detektivhistorie. I hovudet jakta eg på ho som truleg enno går rundt med ein klem til meg. Fann vel ut at eg ikkje kunne vera så håplaus når nokon kom innom kontoret berre for å gje meg ein klem.

 

Dessto meir eg tenkte på klemmen ikkje fekk, vart eg oppmuntra. Så flott at noko kom innom berre for å gje frå seg ein klem. Og enno går det ei dame rundt i Vest-Telemark med ein klem til meg. Klemmen får eg vel før eller seinare. Helst når eg treng han som mest.   

 

Eilev Erikstein

e-post: eilever@online.no

heimeside: prostidiakon.no  

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no