Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
ØL I DO

ØL I DO Diakonispalta i Vest Telemark Blad torsdag 18.09.08

ØL I DO

 

Ei jente fortalte om den utrulege frigjerande lyden av ei ølflaske som vert tømt ut i toalettet. Far hadde bestemt seg - han ville ikkje drikka meir. Så samla han kona og ungane rundt seg og  snakka om sitt val. Kan hende hadde jentas mor gjeve han ein aller siste sjanse- eller doktoren hadde sagt at kroppen han ikkje tålte meir. Dett visste ikkje jenta. Ho berre såg korleis pappa stod fram som ein sterk og tydeleg mann som ville noko. Ho kjende seg stolt over å ha ein slik pappa! Og lyden av ølet ned i do - var ein flott og god lyd.

 

Rusmisbruk øydelegg livet for millionar av menneske i heile verda. Det skaper og forverrar problem, naud og liding. Rusmisbruk er ein fellesnemnar for mange verdsomspennande sosiale problem som fattigdom, vald, barnedød, spreiing av sjukdommar og menneskehandel. Det finst tallause døme på korleis rusmisbruk rammar born her heime så vel som ute i verda.

 

TV-aksjonen sundag 19.oktober går i år til Blå Kors. Aksjonen skal vere med og gjere livet betre for mange born som lid fordi dei eller vaksne er avhengige av rus.

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no