Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
DIAKONALT JOLEBORD

DIAKONALT JOLEBORD (11.12.07)Det vert løyd lite pengar til nye diakonstillingar for tida, men i Vest-Telemark har det likevel vore auke i nye stillingar. Det er det vel verdt å å feire med eit jolebord.

Denne veka samla diakonane i Aust- og Vest-Telemark prosti seg til jolebord på Sjøorm-kroa i Seljord. Titlar bør ikkje diakonar vera for opptekne av, men likevel er det moro å sjå dei utypiske stillingsnamna. Lagsdiakon, sjukeheimsdiakon og prostidiakon. Midt i flokken er det godt å ha soknediakon Ivar Solbu frå Sauherad som har tredve år bak seg i denne stillinga. Fem av sju diakonar frå dei to prostia var samla i Seljord. Utfrå stemninga og responsen etterpå kan dette jolebordet alt reknast som ein fast tradisjon.

Bildet:Deltakarane på jolebordet.(f.h) Sjukeheimsdiakon Bjørg Abusland. Tokke, Lagsdiakon Reidun Nødland, Kviteseid, Soknediakon Svanhild Rui Gustavsen , Seljord, prostidiakon Eilev Erikstein,Tokke og soknediakon Ivar Solbu, Sauherad.

Eilev Erikstein

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no