Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
EIT HUS NÅR EIN FRYS

EIT HUS NÅR EIN FRYS Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 24.april 2008

 

EIT HUS NÅR EIN FRYS

 

Tru er eit stort og vidt omgrep. Jamt leitar eg etter ord til å forstod meir. Bibelen snakkar om trua som vissa om det ein ikkje ser. Menneske er så ulike på korleis dei trur. Nokon tek det praktisk og konkret, og må ha klare bevis. I Jesus følge er Thomas – han vart kalla tvilaren- det beste døme på ein som ikkje gav seg før han fekk sjå såra i sida på den Oppstandene. Andre har treng ikkje det. Trua er ei gåve frå Gud, seier Bibelen, og somme gonger blir eg fortvila nå folk fortel at dei har prøvd og prøvd å ta imot truas gåve, men aldri fått det til. Men trøysta kan kome frå mange fulike stader. Her om dagen høyrde eg forfatteren Levi Henriksen på radioen.. Han snakka om si tru.   -Trua mi er ikkje sterk nok, sa han, ” til å løfte andre opp, men ho er som ein vegg eg sjølv kan kravle meg opp mot når eg har falle. Då treng eg Guds nåde. Guds nåde er å få hjelp til å reise seg opp. Skal eg takle livet, treng eg å be, få folde hende. Så opplever eg at dei folda hendene vert til eit hus når eg frys.” 

 

 

Eilev Erikstein

eilever@online.no

www.prostidiakon.no

 



Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no