Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
OM Å BLI ØNSKT VELKOMEN

OM Å BLI ØNSKT VELKOMEN Diakonispalta i Vest Telemark Blad Blad torsdag 10.april 2008

 

 

 

 

Det er godt å vera ønskt. Fint at nokon ventar på ein, og vil at ein skal koma heim. Difor må det vera godt å vera utflytt vest-telemarking på Smug-treff i Oslo i kveld.  Her stiller regonen med mange gode krefter. Næringsliv, kultur og politikk vil marknadsfører det beste frå Vest-Telemark. Mykje godt kan seiast om natur, miljø og folket her hjå oss. Men så er det desse vegane! Fulle av hol og telehiv. Dårleg asfalt, smale og svingute.

 

Eg undrast på om ikkje våre vegar er eit bilete på den større infrasrukturen? Vegene mellom menneske. Til sjuande og sist kan det vera dei menneskelege vegane som gjer det godt å bu her, og som gjer at folk blir.  Det gode smilet i butikken, det varme telefonstemma frå eit offentleg kontor eller gode nevahelsinga når ein kjem til ei vest-telemark kyrkje for fyrste gong.

 

Eg trur me ønskjer å bli lagt merke til når me kjem ny til ein plass. Ønskjer at nokon helsar, ønskjer at noko tek det fyrste steget. Tarjei Vesaas seier dette kva som må til for å få kontakt mellom: Kvar menneske er ei øy, som kjent. Så det må bruer til. Uendeleg mange slags bruer.”

 

 

Eilev Erikstein

eilever@online.no

www.prostidiakon.no

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no