Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
GAMLE JUNGELORD

GAMLE JUNGELORD Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 28.02.08

 

Teikneseriefiguren Fantomet provoserar skurkar og skumle folk, men elles er han rettferdig og mjuk. Somme gonger råkar han heilt uskuldig opp i slåsskamp. Det er når han går inn på ein av Morristowns barar og ber om mjølk. Då samlar det seg ein heil gjeng og vil ta denne mammadalten og speungen om ikkje vil drikke øl. Men Fantomet er ”hard mot dei harde”, og det går jamt bra. Ordskifte om alkohol kan vera heftige saker. Men det er i ferd med å skje noko. Ein del gamle ”jungelord” om at ein drakk like mykje før, vert tilbakevist av all statistikk. Konsumet har aldri vore så høgt som no. Likeins dette at ein får ei sunnare haldning til alkohol, gjennom å ha det som ein vanleg butikkvare. All forskning syner at tilgjenge aukar drikkinga. Samstundes fins det posetive signal. Forbruket for dei under 20 har minka noko.

 

Det er ting på gang innan alkohol- og ruspolitikken. Her i Vest-Telemark har ein løfte det opp på regionnivå, for å finne fram til ein vidare strategi.  Etterkvart kjem det òg signal frå næringsdrivande sjølv om at ein må sjå nøyare på dei vanskane det auka alkholkonsumet fører med seg.

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no