Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
FAGDAG FOR VEST-TELEMARK PROSTI

FAGDAG FOR VEST-TELEMARK PROSTI (14.02.08) Ola og Gunhild Tveitgrendlia frå Tveitgrendi i Kviteseid dukka opp på fagdagen, og kom med mange innspel på kyrkjedrift.

 

 

Tilsette av alle slag i Vest-Telemark prosti var samla til fagdag i Vrådal denne veka. Alt i alt tredve deltakarar  inntok Straand Hotell, og fekk høveleg fastemat i form av laks til dugurds. Innleiar var stiftsdirektøren i Agder og Telemark Tormos Steene-Hansen og forhandlingsleiar i KA Steinar Moen. Tema var samarbeid, arbeidstid,arbeidsplanar og tenesteordninga for prestane. Ved sida av ein kort informajonsbolk om den nye diakoniplanen, stakk Ola og Gunhild Tveitgrendlia innom.  Revyparet som i det dagleg heiter  Øyvind A. Jørgensen og Kjell Arne Norum skapt latter og god humring mellom deltakarane. Dagen vart yppeleg leia av kyrkjeverja i Seljord Jon Svartdal

 

Denne årlege kursdagen er eit samarbeid mellom prosten og kyrkjeverjene i Vest-Telemark.

 

Bilde: Dette er Gunhild Tveitgrendlia. Til dageleg heiter ho Kjell Arne Norum og er sokneprest i Kviteseid.

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no